| Tragisk dødsulukke |
| måndag 29. juni 2009 06:58 |
|
Etter midnatt har politiet stadfesta at alle dei involverte i ulukka er omkomne. 3 personar er henta ut av dei to bilane, men det nøyaktige talet på omkomne er enno ikkje klart. Det er venta at dødstalet er frå 3 til 5 personar. Ut på natta har politiet no stadfesta at det er 5 omkomne. Ulukka har råka Ørsta hardt, då 4 av dei 5 personane er frå kommuna. Det er sett i gong tiltak for å informere innbyggjarane og ikkje minst sørge for støtte til pårørande og alle dei som er råka av den tragiske ulukka. |