Skip to content
Increase font size Decrease font size Default font size blue color orange color green color

Eiksundsambandet.no

Eiksundsambandet.no ~ Porten til Søre Sunnmøre
Siste nytt
Under kategorien "Nytt" vil vi publisere ulike nyheiter om Eiksundsambandet og Søre Sunnmøre, som tilhøyrande region rundt fastlandssambandet. Vi vil freiste å gjere sidene til ein relevant og levande nyheitsportal for nærområda og er svært glade for tips og innspel. Nedanfor finnast ulike nyheitsartiklar.
 
Ambulanse i ulukke
måndag 14. mars 2011 17:39
NRK har i ettermiddag meldt om ei ulukke utanfor Helgehorntunnelen (Ørsta) i Eiksundsambandet. 5 personar skal ha vore involvert i ulukka då ein personbil krasja med ein ambulanse i det begge køyretøya var i retning mot Volda. Det skal ikkje vere alvorlege personskadar etter ulukka.
 
Trafikktal for 2010
torsdag 13. januar 2011 09:56

Eiksundsambandet har lagt bak seg eit nytt år med rekordtrafikk og tala viser no at nesten 650.000 bilar har passert i løpet av fjoråret. I 2009 var talet 628.000 bilar som i løpet av 2010 auka med godt og vel 3% til 649.200 bilar.

Dagleg leiar Svein Nærø i Eiksundsambandet AS uttalar til lokalavisa Møre at ei nedbetaling av fastlandssambandet allereie kan vere i mål til 6-årsdagen, den 23. februar 2014.

 
3-årsdagen er her
onsdag 23. februar 2011 12:22
I dag, 23. februar 2011, kan Eiksundsambandet feire sitt tredje jubileum. Trafikken dei 3 fyrste åra har synt seg å verte mykje høgare enn forventa då fastlandssambandet opna. I tillegg viser fleire undersøkingar at folk er svært nøgde med sambandet og gleder seg til at det vert bompengefritt.
 
Bompengefritt i 2013?
tysdag 26. oktober 2010 11:36

Ulike media melder at Eiksundsambandet, som vart opna i februar 2008, kan vere nedbetalt allereie i 2013. Då fastlandssambandet vart opna var håpet at det skulle vere bompengefritt i 2023. No syner det seg at langt fleire bilar enn venta har køyrt gjennom dei undersjøiske tunnelane, og i mai i fjor melde Vikebladet at sambandet kunne vere nedbetalt alt i 2015.

Det ligg i år an til ein rekordtrafikk på 650.000 bilar gjennom Eiksundsambandet, i fylgje Svein Nærø, dagleg leiar i Eiksundsambandet AS, som bekrefter til avisa Møre-Nytt at det no ligg an til ei nedbetaling i 2013.

 
<< Start < Førre 1 2 3 Neste > Siste >>

Side 1 av 3

Bompengar

autopass-minside

Annonse

Vi undrast...

Kva gjer du i sommarferien i år?
 

Søk på nettstaden

Antal gjestar

Vi har 2 gjestar her no

Annonse