| Kontakt og innspel |
|
Vi ynskjer at flest mogeleg skal vere med på å vidareutvikle desse sidene, slik at det kan verte eit interessant og godt tilbod for lokale som tilreisande brukarar. Redaksjonen har sine idear og planar for korleis nettstaden skal fungere og kva service vi skal knytte til tenesta. Det er likevel avgjerande at vi mottek tips og innspel frå lesarane våre. Vi ber derfor om at alle som har bidrag i form av artiklar, tekst, bilde, informasjon og spørsmål sender desse inn, eller kontaktar oss ved å sende e-post til: Redaksjonen[at]Eiksundsambandet.no og vi skal gjere vårt beste for å skape ein levande og relevant nettstad. Vi valde å ta i bruk nynorsk som språk på desse sidene etter gode innspel frå forfattar Øystein Orten. Han rettleia oss på det faktum at språk er identitet og at ein med respekt for folket og regionen, med Eiksundsambandet si lokalisering i nynorsken sitt rike, ville det ha vore ei skam å publisere sidene på noko anna språk. Om nokon finn skrivefeil, språkfeil og upassande innhald på sidene, så nøl ikkje med å kome med innspel og tilbakemeldingar. På førehand takk! |