Skip to content
Increase font size Decrease font size Default font size blue color orange color green color

Eiksundsambandet.no

Eiksundsambandet.no ~ Porten til Søre Sunnmøre
Velkomen til Eiksundsambandet.no

Dette er ein nettstad med informasjon om regionen og kommunane som er tilknytte fastlandssambandet Eiksundsambandet, på Søre Sunnmøre.

Innbyggjarane og næringslivet i Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta og Volda venta i årevis på at prosjektet skulle verte ein realitet. Eiksundsambandet påvirkar livet og kvardagen i alle desse kommunane. Meir enn 40.000 personar og eit stort antal foretak og arbeidsplassar av både lokal og internasjonal karakter er brukarar.

Kommunane Herøy, Sande, Ulstein og Hareid utgjer regionen Ytre Søre Sunnmøre med sine vel 22.000 innbyggjarar. Regionen har dei siste åra hatt det største folketalet i Noreg som fortsatt har vore utan noko anna fastlandssamband enn ferjetrafikken.

Hausten 2002 vart det i Stortinget gitt klarsignal for Eiksundsambandet. Arbeidet pågjekk i perioda 2003 til 2008. Opninga betydde mykje for ein spanande region der skipsindustri, rederi og serviceforetak held til.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete sto for den offisielle opninga av Eiksundsambandet den 23. februar 2008. Dette var noko som heile regionen hadde sett fram til. Sambandet gjer livet i havgapet enklare!

 
Ambulanse i ulukke
måndag 14. mars 2011 17:39
NRK har i ettermiddag meldt om ei ulukke utanfor Helgehorntunnelen (Ørsta) i Eiksundsambandet. 5 personar skal ha vore involvert i ulukka då ein personbil krasja med ein ambulanse i det begge køyretøya var i retning mot Volda. Det skal ikkje vere alvorlege personskadar etter ulukka.
 
3-årsdagen er her
onsdag 23. februar 2011 12:22
I dag, 23. februar 2011, kan Eiksundsambandet feire sitt tredje jubileum. Trafikken dei 3 fyrste åra har synt seg å verte mykje høgare enn forventa då fastlandssambandet opna. I tillegg viser fleire undersøkingar at folk er svært nøgde med sambandet og gleder seg til at det vert bompengefritt.
 

Bompengar

autopass-minside

Annonse

Vi undrast...

Kva gjer du i sommarferien i år?
 

Søk på nettstaden

Antal gjestar

Vi har 2 gjestar her no

Annonse